JULEKONGEN
Country:
Norge
Year:
2015
Category:
Familiefilm, Komedie
Duration:
1 hours 33 minutes
Director:
Thale Persen
Actors:
Stella Irene Stenman, Vetle Qvenild Werring, Emma Storvik, Bjarte Tjøstheim, Kyrre Hellum, Maria Brandshaug, Tone Mostraum, Nils Jørgen Kaalstad, Herborg Kråkevik
Age restriction:
6 år
Language:
Norsk

Ondskapen herskar i Riddardalen, og jula er avlyst. Berre familien Gran kan redde den. Uheldigvis. Dette er ein heilaftens komedie basert på den suksessfulle julekalendaren, fylt med humor, trolldom og sosialt kløneri.

Mira er djupt bekymra. Jula står for døra, og familien har rota det så til økonomisk at dei knapt har råd til julepynt. Mens Mira gjer sitt beste for å prøve å skape litt julestemning, brukar storebroren all si tid på å drøyme om prinsesse Eiril i Ridderdalen. Jula for tre år sidan fann nemleg Mira og Kevin ein hemmeleg Riddardal full av spennande eventyr, onde trollmenn og prinsesser. Men, hola som leda inn dit raste saman og sidan det har det vore heilt stille. Så ein dag blir ei forfrossen jente funnen bevisstlaus i skogen og tatt med til bygdas sjukehus. Til Mira  og Kevin sin store overraskelse viser det seg å vere prinsesse Eiril. Det må ha opna seg ein ny inngang til Riddardalen, men kva har skjedd der inne? Saman finn Mira og Kevin inngangen. Riddardalen er uhyggeleg og skummel. Den onde trollmannen Snerk har tatt makta ved hjelp av ein magisk rustning og avlyst jula. Nå leitar han og dei onde riddarane hans ustanseleg etter Eiril og den siste delen av rustningen – den magiske hansken Eiril lagar snø med. Får Snerk tak i den, har han full rustning og alt håp vil vere ute for jula og dei gode kreftene i Riddardalen. Snart gode og onde krefter vikla inn i eit kappløp om å finne Eiril og den magiske hansken. Eit fredeleg og julepynta nabolag blir snudd på hovudet. Snerk sin magiske rustning gir dei onde overtaket, men det finst krefter som er endå sterkare enn våpen og magi – og det er det berre Mira som har forstått. Kan Mira redde jula både for Riddardalen og familien sin?