WENDYEFFEKTEN
Country:
Norge
Year:
2015
Category:
Action, Komedie
Duration:
1 hours 21 minutes
Director:
Ole Endresen
Actors:
Linn Skåber, Morten Ramm, Christian Skolmen, Jon Øigarden, Kristofer Hivju, Nils Jørgen Kaalstad, Bjarte Tjøstheim, Jan Fares, Kåre Conradi, Hege Schøyen, Mariann Hole, Nicolaj Kopernikus
Age restriction:
12 år
Language:
Norsk

Bøler si skuggeside har sitt eige velsmurte økosystem, der einkvar kriminell har sin funksjon. Men plutseleg forduftar likviditeten frå systemet, og marknaden står på randa av tidenes crack. I eit miljø som skrik etter intravenøs cashflow, jaktar alle på den mystiske bankieren – den einaste som har fingeravtrykket som kan opne slusene igjen.

I sentrum av jaktlaget finn vi Økokrims ferske, men svært ambisiøse, etterforskar Svenn Krøvel, som nokså ufrivillig må samarbeide med den selvtitulerte «Kongen av Østkanten», Kripos-etterforskaren Sylfest Dreyer. Sylfest har sjølv eit hav av konkurrerande agendaer – og Svenn mister fort kontrollen over etterforskninga. Ikkje minst etter møtet med sjarmbomba Wendy, Bøler si einaste luksusprostituerte.

Wendy drøymer om eit liv langt borte fra Bøler, og med bankieren som fast kunde, har ho eit klart fortrinn i jakta på pengane – berre ho er villig til å gå langt nok. Det er ho forsåvidt vant til – Wendy har ein nesten lammande effekt på menn sin vilje og åndsnærver, og kan distrahere sjølv den mest hardbarka.
Wendyeffekten er eit kappløp mot tida. Kven finn bankieren, eller fingeren hans først? Kven får fingrane i Wendy? Og kan Bøler reddast frå skjebnen som eit norsk Hellas?